Vokt deg for Seljord!
Det er svært vanlig at de kommunale tjenestene til mennesker med utviklingshemming er i strid med lovverket. Når det gjelder Seljord kommune, må det være adskillig lettere å peke på forhold som fugerer enn å påpeke hva som ikke fungerer.
I det nasjonale tilsynet med tjenestene til voksne med utviklingshemming ble det gitt seks avvik til Seljord kommune. Det meste synes å ha skjært seg for kommunen. Tilsynsrapporten tegner et bilde av omsorgstjenesten som får den til å fremstå som det motsatte av en omsorgstjeneste. Her er et lite utvalg av forhold som fylkesmannen påpeker:
- Det er ikkje rutinar for at leiinga i kommunen følgjer med på at aktivitetar gjennomførast i tråd med
brukaranes vedtak, tiltaksplanar og individuelle behov.
- Store arbeidsmiljøkonfliktar har gått utover brukarane ved at fleire tilsette har sagt opp jobben, fleire tilsette seier at dei har manglande motivasjon til å gjere ein god jobb og fleire påpeiker at det blir grupperingar som motarbeider kvarandre i staden for å jobbe samen for brukaranes beste. Det er satt i verk tiltak for å betre situasjonen.
- Det gjennomførast ikkje opplærings- og rettleiingstiltak.
- Det er fellesaktivitetar for brukarane, ikkje aktivitetar tilpassa dei enkelte brukarane.
- Dei som ikkje vil vere med på fellesaktivitetar får ikkje avgjere at dei skal bli igjen heime eller gjere noe anna.
- Det er særleg fare for svikt i tilbod om aktivisering: om aktivitetane blir gjennomført etter planen, og om brukarane har moglegheit til å påverke planane.
- Det er ukjent for dei fleste tilsette kva samtykkekompetanse er og kven som skal vurdere om brukarane er samtykkekompetente.
- Det går ikkje fram av journal kven av brukarane som er samtykkekompetente, eller om samtykkekompetansen er vurdert.
- Brukarane gis ikkje systematisk moglegheit til å medverke i planlegging, utforming, utøving og evaluering av sine tenester.
- Kommunen legger ikkje til rette for at brukarane får tilrettelagt informasjon og brukarmedverknad så den enkelte kan bidra ut frå egne ferdigheiter.
- I vedtaket til ein brukar går det fram at han skal ha 1:1. Det går fram av intervju at brukaren ikkje får dette.
- Individuelle tenester er avslutta med grunngiving i at det er etablert fellesareal knytt til bustaden. «Påtvinga» samvær med andre i bustaden oppfyller ikkje føremålet med støttekontakt, og ei slik ordning kan ikkje avsluttast med denne grunngivinga.
- Brukerane får tilbod om felles aktivitetar, og i liten grad individuelt tilrettelagte aktivitetar.
- Det går fram av intervju at det ikkje tas individuelle vurderingar av behovet til brukarane.
- Vedtaka til brukarane er samlevedtak, det går ikkje tydeleg fram kva brukarane skal ha hjelp til.
- Dei ansvarlege for den daglege tenesteytinga kjenner ikkje til brukaranes behov og tildelte tenester, dette førar til at tenestene ikkje blir planlagt og gjennomført forsvarleg.
Mattilsynet som fører tilsyn med dyrehold. Når alvorlige forhold avdekkes, har Mattilsynets sanksjonsmuligheter. Fylkesmannen har ingen sanksjonsmuligheter når det gjelder uforsvarlige omsorgstjenester.
Jens Petter Gitlesen
25 februar 2017